På Anahata tilbyr vi privatretreats til enkeltpersoner og små grupper som er trygge på hverandre. Dette er en skreddersydd opplevelse i møte med den enkelte. Vi har også mulighet til å skreddersy individuelle utdanningsløp.
Investering i deg selv eller de du er glad i.
Privatretreatsene fasiliteres av Robert og Andréa, eller én av oss om det er ønskelig.
Privatretreats
Anmeldelse
“Eg hadde gleda av å vera på privatretrett på Anahata i fem sommardagar i 2025, saman med ein annan deltakar. Robert og Andrea og katten Frøya skapte eit nydeleg, avslappa og passe andeleg rom for oss. Sjølv om fjellvêret skifta mellom strålande sol, regnbyer og liten storm, herska det fred og kjærleik mellom oss fem, og eg sit att med sterke inntrykk og gilde gåver å ta med heim.
Privatretrett? spør du kanskje. Ja, det er mogleg å skreddarsy ein eigen retrett med det du vil ha, med dei deltakarane du vil ha, eller dra åleine. Båe av «Anahatas hjartevaktarar» har eit breitt repertoar av evner. Min retrett inneheldt morgonpraksis, gongbad, felles- og åleinemeditasjonar, kraniosakral behandling, fjelltur og kakaoseremoni.
Robert og Andrea held sin «morgonpraksis» kvar dag, sjølv når dei ikkje har gjestar, og det er ein fantastisk start på dagen. Andrea instruerer i yoga, leier «røystaktivering» og dei avsluttar med delesirkel. Ho er ein kunnskapsrik og pedagogisk yogalærar, som tilpassar øktene til publikummet og kan gje grundig hjelp om det er noko du ikkje tykkjer du får til. Eg trudde eg kunne ein del yoga, men eg lærte visst mykje som eg tek med meg heim (der eg no har starta min eigen morgonpraksis).
Røystaktivering må prøvast! Om du ikkje har gjort det før, så handlar det om å utforska røysta si og bruka henne til å uttrykkja kjensler som kanskje elles ikkje får rom i livet. Andrea leier med shruti-boksen sin og eit nært og ope nærvær. Noko losna i meg då, som det gjorde godt å jobba med.
Robert er ein meister i gong- og lydbad—ein kjenner at ein kan forsvinna inn i eit fjernt landskap. Denne gongen fekk eg oppleva det i kombinasjon med mjuk berøring, noko som hjelpte meg endå lenger «ned i kroppen».
Dette var fyrste gongen eg prøvde kraniosakral terapi. Dette er ein spanande teknikk for å arbeida med traume, undertrykte kjensler og og ufullførte rørsler. Terapeutane jobbar med mjuk og avslappande berøring, eventuelt med kjapp og trygg støtte dersom du kjenner at kroppen treng å røra på seg. Timane med Robert og Andrea forbløffa meg—eg oppdaga mykje som rørte seg i meg som eg ikkje kjende godt til, og det kjendest viktig og godt å få opplevt det. Eg kjende meg trygg saman med dei, og vart imponert over korleis dei kunne halda rommet for meg og takla det som kom, både med sensitivitet og muskelstyrke!
Det er ein vakker stad for meditasjon. Eg fekk heile annekset for meg sjølv, ei triveleg koie med to rom, vedomn og toalett. Utanfor er det ein liten hage med bålplass. Hovudhytta er dekorert med masse sjel, fargar og liv. Der er måleria hennar Andrea, veggteppe frå Shipibo-stammen, instrument. Som sagt skapar dei to hjartevaktarane og katten ein fredeleg og hjarteleg stemning—høgtideleg når det passar, avslappa innimellom. Hytta er midt i mellom tradisjonell og moderne, med vedfyring og henting av vatn, men det er solcellepanel og gass, og vatnet renn kaldt frå krana og heitt frå dusjen, så du får den gode, gamle hyttekjensla utan heilt å gje avkall på moderne komfort.
Anahata passar for deg som søkjer freden på fjellet, som likar å vera omkransa av det vakre og det sjelfulle, og som ønskjer støtte frå folk som trivst både i dei inderlege og djupe sidene av livet, og i dei kvardagslege eller leikne stundene. Eg gler meg alt til neste gong!”
-Tidligere privatretreatdeltaker
Om du er interessert i å begi deg ut på en dyptgående reise med oss, ta gjerne kontakt for spørsmål, pris, detaljer og for å avtale en uforpliktende samtale.
Vi sjekker mail minst én gang i uken.